Salsvilkår

Desse vilkåra gjeld bilete du kjøper frå Flogvit på FLOGVIT.eventphotos. Flogvit er seljar og er den du har avtalen med. FLOGVIT driftar nettstaden og tek aldri imot betalinga.

Partar

Seljar er FLOGVIT DATA Vegard Hanssen, med kontaktinformasjonen under.

Firma
FLOGVIT DATA Vegard Hanssen
Organisasjonsnummer
983948030
Adresse
Mårvegen 2, 4347 Lye
Telefon
+4740401214
Kontakt
vhanssen@menneske.no

Kjøpar er forbrukaren som bestiller bileta.

Tilbake til Flogvit

Kva som blir selt

Betaling

Du betaler Flogvit direkte, med Vipps eller kort. Beløpet blir trekt når kjøpet blir fullført, og prisen du ser i kassa er den du betaler — ingen gebyr kjem i tillegg.

Flogvit er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, og 25 % mva. er inkludert i prisen.

Levering

Bileta blir leverte med ein gong: ei nedlastingslenkje på kvitteringssida og på e-post til adressa du oppgav. Filene er i full oppløysing, utan merket den gratis førehandsvisinga har. Lenkja står open i 90 dagar frå kjøpet.

Angrerett

Eit bilete er digitalt innhald som blir levert umiddelbart. Etter angrerettlova § 22 n gjeld ikkje angreretten når leveringa har starta, føresett at kjøparen uttrykkeleg har bedt om det og erkjent at retten dermed går tapt — det er det avkryssinga i kassa sa. Kvitteringa di gjentek henne.

Har du ikkje gjeve den erkjenninga, gjeld den vanlege retten: 14 dagar frå kjøpet, etter angrerettlova § 21. Skriv til seljaren på vhanssen@menneske.no.

Retur

Eit digitalt bilete kan ikkje sendast i retur slik ei vare kan. Går du frå kjøpet etter angreretten, eller hevar du det fordi ei fil er mangelfull, betaler Flogvit tilbake på same måte som du betalte, seinast 14 dagar etter at meldinga kom fram. Bileta skal då ikkje brukast vidare.

Reklamasjonshandsaming

Er ei fil øydelagd, lèt seg ikkje opne eller er ikkje biletet som vart vist, er det ein mangel etter digitalytelsesloven. Du kan krevje at ho blir retta — som regel med ei ny fil — og skjer ikkje det, kan du krevje prisavslag eller pengane tilbake. Skriv til Flogvit på vhanssen@menneske.no innan rimeleg tid etter at du oppdaga feilen.

Konfliktløysing

Ein klage går først til Flogvit. Blir de ikkje samde, tilbyr Forbrukarrådet gratis mekling (forbrukerradet.no), og ei sak som ikkje blir løyst der, kan bringast inn for Forbrukarklageutvalet.

Norsk rett gjeld for kjøpet.